Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdeungdomslaget arrangere kurs i bruk av motorsag

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. april 2017
Bygdeungdomslaget er kjent for sine tevlingar i forskjellige praktiske øvingar, mellom anna bruk av motorsag. No blir det kurs i bruk av motorsag, og det er høve til å henge seg på for å lære sikker bruk av motorsag. Kurset er lagt opp med tanke på deltaking tevlingar, og skje på Mauset i Surnadal på adressa Surnadalsvegen 820. Kurset arrangeres i regi av Møre og Romsdal Bygdeungdomslag (MRBU).
 
Ein av dei mange tingene BU arrangerer er diverse tevlinger som setter ungdommmen i aktivitet. Kurset som MRBU skal halde er eit kurs som legg hovudvekt på kvisting, presisjon, sverdsnu og over- og underkapp.
Utstyr må deltakarane  ta med sjølv, men dei som er uten er og velkommene sidan det kjem til å vere nok folk med utstyr til å låne bort.
Prisene for kurset er:
300 kr for ikkje-medlem inkludert medlemskap og fest
100 kr for medlemar, inkludert kurs og fest
Meir info kan du få ved å ta kontakt med:
Ole Stensby – Infoleder MRBU
epost: ole.stensby@gmail.com
Tlf: 907 06 844
eller:
Elin Nyheim – Tevlingsleder MRBU
Tlf: 954 26 559
Mail: elinnyheim@outlook.com
Publisert: 20. april 2017, 17:00