Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Butikkmann  på  prøve…

Butikkmann på prøve…

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. april 2013

Steinar Gjeldnes er denne veka på utplassering på Matkroken L. Hals i Todalen. Steinar går i 9. klasse på Surnadal ungdomsskule, og da høyrer det med i pensum å få prøve seg litt i yrkeslivet. Steinar fekk koma til Halsbua, og da vi trefte på han satt han i kassa og ekspederte kundar. Og Steinar var allereie ein rutinert kassaoperatør og heldt godt styr på vareflyten.

Den siste veka har det vore full sjau med omflytting av varer og monteringa av nytt kjøle- og fryseutstyr, så Steinar har fått prøva litt av kvart, kunne han fortelje. Han lika seg godt i butikken, og tykte det var artig og treffe alle kundane. men neste veke er det nok attende til skulebenken for å fortsette på innspurten på 9.-året.

Publisert: 25. april 2013, 14:35