Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Busstur til Vangshaugen

Busstur til Vangshaugen

Vidar Sogge Sundag 19. august 2012

Laurdag 18. august var 38 stavgangarar i Surnadal pensjonistlag på tur  til Vangshaugen og Alfheim. Bussen, med Sverre Kjølstad som sjåfør, starta frå kommunehuset på Skei kl. halv ni. Litt før klokka 11 vart vi ønskte velkomne av den blide vertinna på Vangshaugen, Rannei Rødseth.Vangshaugen og Todalshytta var flotte ”sportsvillaer”, bygd av  engelskmannen Ethelbert Lort Phillip, der han tok imot engelske rikfolk til jakt og fiske.

Desse hyttene er det Kristiansund og Nordmøre turistforeining (KNT) som eig og driv i dag. Sommar og haust som betjente turisthytter, og i vinterhalvåret som sjølvbetjente. Lort Phillip stilte ein del krav da han selde til KNT: ”at det skulde behandles pietetsfuldt, under forutsetning av, at det kun blev benyttet av gentlemen. Personer, som ikkje følger denne forskrift, vil ikkje bli taalt”.Før middagen gjekk vi ein 2 km lang tur til Alfheim, jaktslottet bygd av lady Barbara Arbutnott. Men som vi veit gjekk det dårleg med økonomien til Ladyen. Derfor kjøpte Lort Phillip også bygningane her og selde seinare til KNT. No er det Sunndal museumslag som eig Alfheim.

Tilbake i Storstua på Vangshaugen serverte Rannei Rødseth rømmegraut, så god som berre ho kan laga han! Med spekemat og potet + rømme i tillegg, var det mange som bar seg over overmette magar etter kvart som vi reiste oss for å dra vidare til neste lengre stopp: Det vakre Nasjonalparksenteret på Gjøra. Heimturen gjekk over Nerskogen, med kaffepause ved den flotta Granasjøen.

Her finn du mange fine bilete frå turen som Stavganggruppa hadde til Vangshugen og Alfheim.  Foto: Vidar Sogge og Mette Torvik.

Publisert: 19. august 2012, 22:44