Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brøytesesongen i gang – ny rode for Todalen Mjølk

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. november 2020

Plutselig vart det aktuellt å starte brøytesesongen.  Det kom slett ikkje overraskande, men etter ein periode med høge temperatuar vart det liksom fort vinter og snøslaps.  I år er det Todalen Mjølk som skal sørge for å halde vegane opne både rundt Todalen som før og i tillegg har dei fått kontrakt på ein ny rode som går frå Kvennset og utover til Todalskrysset (Hauahyllå), fortel Ståle Ansnes som er ein av brøytesjåførane. 

Den siste tida er det montert nytt brøyteutstyr med ny og moderne plog, og brøytetraktorane har fått nye vinterdekk med pigg.  Dermed skal dei være godt forspent for å ta fatt på både ein ny sesong og på ny rode.  

Ståle fortel at brøytinga utover til Todalskrysset kan by på nokre utfordringar, etter som det kan være stor forskjell på snømengde på området frå Todalskrysset til Åsbøen, samanlikna med strekninga frå Åsbøen til Kvennset og runden rundt bygda i Todalen. Men han lovar at dei skal gjera sitt beste for å halde opne vegar både innover til Todalen og rundt bygda. Todalen Mjølk kjem etter kvart til å bruke to traktorar til brøytinga – den ein på fylkesvegane og den andre til sidevegane og brøyting til private. 

Publisert: 18. november 2020, 18:35