Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brit vann gavekort i sykkeltrimmen

Brit vann gavekort i sykkeltrimmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. november 2011

Til trekking av årets vinnar av sykkeltrimmen, har idrettslaga i Todalen, Søya, Bøfjorden, Øvre og Nedre Surnadal levert sine lister til Folkehelsekoordinatoren i Surnadal kommune. Vinnaren i år er Brit Hansen, som var registrert på ei liste frå Søya idrettslag. Ho fekk eit gåvekort frå Helse og Familieeininga i kommunen, til bruk på Intersport, pålydande kr.5.000, skriv Surnadal kommune på si heimeside.

I år er det registrert heile 1040 sykkelturar i kommunen. Det er ulikt korleis idrettslaga organiserer sykkeltrimmen, men det viktigaste er at ein kjem seg ut på sykkel. Jo fleire gonger den einskilde registrerer seg, jo større sjanse er det for å vinne.

Publisert: 15. november 2011, 18:36