Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Breiband i sikte for Husbygrenda

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juni 2017

Torsdag starta Rolf Petter Halle gravinga for å forsyne Husbygrenda med fiberbasert breiband.  Det er no eit par år sia Svorka Aksess la opp matingskabel for fiberbreiband fram til transformatormasta ved Husby.  No er dei altså i gang med å installere til fiberbasert breiband til alle som har bestilt, både i Husbygrenda og i Bekkerhagan bustadfelt.

Rolf Petter Halle bak spakene på gravemaskina. Kabelgrøfta går etter plenkanten på Solvoll og utover til Lauvåbrua, der kabelen skal passere elva under brua. Foto: Jon Olav Ørsal

Med etablering av fiberbasert breiband vil abonnentane til Svorka Aksess også få tilgang på TV-signal via kabel/fiber dersom det er ønskeleg. Som sagt starta arbeidet i dag, men Rolf Petter Halle fortalte at dei har fleire prosjekt gåande samtidig, så dei vil være litt til og frå den første tida, men han understreka at dei vil halde på til dei blir ferdige.  Men snart er det ferietid, så verken kabling eller tilkopling vil skje før til hausten

Publisert: 23. juni 2017, 13:29