Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvernveke – barnehagen først ute….

Jon Olav Ørsal Mandag 18. september 2017

Denne veka er det brannvernveke, med mange forskjellige aktivitetar utover veka. Men først ute var Todalen barnehage som alt måndag føremiddag troppa opp ved brannstasjonen på Kvennset for å få omvisning og orientering. Her var det uttrykningsleiar Håvard Halset som var på plass for å vise fram brannbilen og utstyret på brannstasjonen.

Håvard fortalte om kor viktig det er å forebygge slik at det ikkje blir brann, og det var nok barnehageborna enige i. Sjølvsagt var det spennande å sjå brannbilen, uniformene og alt utstyret som Todalen brannlag har på stasjonen – og kanskje fekk dei og sjå og høyre blålyset og sirena på brannbilen før dei dro heim att til barnehagen.

Publisert: 18. september 2017, 12:00