Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Branntilløp på Todalsøra i går kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016

Straks før midnatt vart det meldt brann få Todalsøra.  Det var brann i ein koblingsboks i ein straumpåle like ved Naustvollen og dermed vart brannvesenet kobla inn. To mann frå det lokale brannlaget i Todalen var raskt på pletten og fikk fort kontroll på branntilløpet.

Det brann både i pålen og på bakken attmed straumpålen, men det var ikkje noko dramatikk, seier uttrykningsleiar Håvard Halset som deltok i slokningsarbeidet. Svorka energi var også på staden med 2 bilar og sikra skaden.  Svorka energi er i ein spesiell situasjon no, da mannskapet er i  streik. Difor er det ikkje gjort nokon reparasjon av skaden og det er enno i skrivande stund (kl 11) 5-6 abonnenentar som ikkje har fått att straumen får vi opplyst på vakttelefonen til Svorka Energi.

todalsora_5299

Det er framleis 5-6 abonnentar som er straumlause på Todalsøra på grunn av streiken i Svorka. Vedfyring er nok alternativet i dag. Foto. Jon Olav Ørsal

Svorka vurderer no korleis dei skal finne ei løysing for dei som er straumlause, utan att dette skal bli oppfatta som streikebryteri, men kan føreløpig ikkje love noko til dei som er straumlause.

På todalsøra er dei nok litt på «tå hev» i samband med branntilløp. Natt til 1. påskedag 2002 brann Nessabryggja ned, og da var det nok flaks at det var vindstille og at det lokale brannvernet var så raske på brannstaden.

straumpale_5297

Det var ein liknande boks som dette som tok fyr på grunn av kortslutting – eller dårleg kontakt. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 8. oktober 2016, 11:22