Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Branntilløp på Møretre, men kjapt under kontroll…

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. mai 2017

I føremiddag var det eit lite branntilløå i det gamle royalanlegget på MøreTre. Ein liten og troskyldig oljelekkasje kunne imilertid utvikla seg, men situasjonen kom raskt under kontroll, fortel dagleg leiar Hallvard brusethaug til Todalen.no. 

Situasjonen var raskt under kontroll konstatererr Ivar Bolme og Hallvard Brusethaug (lengst til høgre). Surnadal Brannvesen hadde full utrykning til møreTre. Foto: Driva/Magne Lillegård

Kokt linolje er slett ikkje noko truskyldig stoff, og lekkasjen førte til ein liten ulmebrann som ioppsto på grunn av sjølvantenning. Surnadal brannvesen vart varsla og var raskt på pletten og det var egentleg ikkje nokon fare verken for folk eller utstyr i situasjonen som oppsto, og dermed minimal skade, fortel Hallvard Brusethaug. 

Les også kva Driva.no skriv om branntilløpet på Møretre i Surnadal.

Publisert: 30. mai 2017, 13:58