Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brannøving  på  Husby

Brannøving på Husby

Jon Olav Ørsal Fredag 28. august 2009

Det var nok fleire som stussa når både brannbilar og mannskap både frå Todalen, Kvanne og ledarbil frå Surnadal dro oppover bygda på tampen av ettermiddagen.
Men det var heldigvis ikkje dramatikk i dette i dag. Det var berre øving i samarbeid mellom brannmannskapa i Todalen og på Kvanne. Det er idag 10 frivillige brannmannskap i Todalen og 9 på Kvanne. I kveld hadde dei også besøk frå brannledelsen i kommunen, der Olav Rønning var vakthavende og Tor Arne Moen frå beredskapsavdelinga.
Øvinga gikk ut på å skaffa vatn frå lauvåa til sløkking på Husby, og som du ser på bilda så fikk dem opp skikkeleg vasstrykk.

Publisert: 28. august 2009, 08:31