Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bra trafikk i fjellet

Bra trafikk i fjellet

Elinor Bolme Sundag 17. juli 2011

Gudmund Kårvatn kan fortelje at sesongen for fjellturistane no er i full gang. Dei siste to vekene har vandrarane, og andre tilreisande turistar for fullt ankome Kårvatn. Der er som kjendt ei sjølvbetjeninngshytte (Målarstua), og ei leiligheit tilhøyrande Gammelstua som Gudmund sjølv held bestillingane på. I år ser han at denne er utruleg populær, såpass at han fleire gonger ikkje har hatt moglegheit til å hjelpe alle som kunne tenkt seg å leigd ho. Spesielt  barnefamiliar er på hugget denne sesongen. 

Dei som kjem på dagstur etter bilvegen har ofte  Nauståfossen som mål for turen. Medan dei meir langvegsfarande kjem ned frå Storlidalen og fortsett mot Innerdalen eller omvendt, også kalla Trekanten. Ein fin tredagers tur kan Gudmund Kårvatn anbefala.

Dette genererer naturleg vis også i økt trafikk på butikken Kårvatn Fjellutstyr AS. Der er dei godt i gang med årets sommartrendar i dei ulike merka dei fører. Her er det bestandig moglegheiter for eit kupp.

Publisert: 17. juli 2011, 15:00