Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra laksefiske – gytebestandsmålet ser ut til å bli nådd

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2015

Dei siste par vekene har det vore godt laksefiske i Toåa, og midtsesongevalueringen viser at gytebestandsmålet ser ut til å bli nådd med god margin, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Etter en katastofal sesong i fjor er det bra at laksen er «komen att», og Ola fortel at det så langt i år er det innrapportert 32 laks i Toåa – og eit liknande tal for sjøaure.

Det er mest små og mellomstor laks, og til no er største laksen på 8,1 kg. Eit liknande tal med sjøaure er også kome på land, og det er faktisk god stemning mellom laksefiskarane no om dagen. Heile perioden har det vore bra vassføring i Toåa, og det er enno snø att i fjellet så alt tyder på at det blir fine tilhøve også i fortsettinga.

– Og når gytebestandsmålen ser ut til å bli nådd, så er det også klart at det ikkje vil bli sett i verk nokon form for innstrammingar av vilkåra for laksefisket for inneværande sesongen, seier Bruset til slutt.

Publisert: 13. juli 2015, 22:38