Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Borten Moe var imponert over handteringa av rassituasjonen

Borten Moe var imponert over handteringa av rassituasjonen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2013

Statsråd Ola Borten Moe besøkte tysdag Todalen. Han var i området i forbindelse med valgkampstarten, men under besøket i Todalen var han meir interessert i korleis involverte partar hadde handtert problema som raset har medført for Todalingane, kommunen, Svorka energ og Vegvesenet. Og han var imponert over den handlekrafta som har vore vist i denne samanhengen.

Han kom saman med ordførar Mons Otnes, stortingsrepresentant Jenny Klinge, leder Nils Håvar Øyås i Surnadal senterparti og Bård Andreassen frå Svorka Energi. Dei tok skyssbåten frå Svinvika til Todalsøra og bussruta vidare til Matkroken L. Hals, der det vart kaffe og bakels og orientering om det som hadde skjedd på rasdagen og dagane som har fulgt etterpå.

Mons Otnes starta med å orientere om kommunens tiltak og korleis dette vart organisert med tanke på handtering av krisesituasjonen som hadde oppstått, og korleis dei hadde tenkt og organisert dei heile. Vidare var det orientering frå frammøtte som fortalte om sin situasjon og korleis prolema vart løyst dei første dagane. Dugnadånda i Todalen var gjengangar i desse forteljingane, og Borten Moe ga uttrykk for at akkurat det har stor betydning i eit lite lokalsamfunn i ein slik situasjon.

Konsernsjef  Terje Talgø var også oppteken av dugnadånda, men la også stor vekt på at det er viktig at staten flyttar ut arbeidsplassar til distrikta. Han viste til eksemplet med Brønnøysundregistra som har skaffa 600 nye arbeidsplassar på helgelandskysten. Elles fortalte han at Talgøkonsernet hadde takla rasproblema godt. Tilpassa arbeidstid og improviserte transportløysingar har fungert bra.

Jon «Jostu» Husby løyste opp litt av alvoret med sitt «Rashymne» som han framførte for den lille forsamlinga. Det var litt  inpirert av Todalssongen, men krydra med hendingar frå dagane etter raset. Han hausta stor applaus frå tilhørarane.

Bård Andreassen orienterte om Svorkas måte å handtere rassituasjonen. Han la stor vekt på den betydninga det har i slike situasjonar at det finns ein lokal beredskap og ikkje minst lokal kunnskap om anlegget. På grunn av faren for nye ras måtte Svorka i første omgang satse på strømforsyning via agregat som var skaffa same dag som raset gikk. Neste dag fikk dei klarsignal for å gå inn i rasstaden og fikk da i løpet av nokre timar raparert kraftlina permanent slik at strymforsining var gjenoppretta rundt midnatt på torsdag. Han berømma alle som hadde vore involvert, inkludert Todalen.no, for innsatsen med å gjenopprette ein tilnærma normal situasjon i bygda.  Rassituasjonen i Todalen og måten den er takla på, blir nok med i strukturdebatten om strømforsyninga når politikarane no får den på bordet mente Borten Moe.

Bilder frå statsrådbesøket i Todalen tysdag ettermiddag.   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. august 2013, 15:42