Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Bokslepp for historielagets nye årsskrift for 2017

Jon Olav Ørsal Søndag 12. november 2017

Søndag 19. november kl 14 er det klart for presentasjon av Todalen historielags årsskrift for 2017.  Dette er årsskrift nr 17 i rekkja, med 84 sider med variert lokalhistorie frå Todalen og Nordvik. På boksleppet i Todalen ungdomshus vil det bli ein presentasjon av årsskriftet, samt utlevering av heftet som er inkludert i medlemskapet og sjølvsagt høve til å kjøpe årsskriftet for alle som er interessert, fortel John Moe som er leiar i Todalen historielag. 

84 sider med variert lokalhistorie – godt lesestoff for både historieinteresserte og andre. Foto. Jon Olav Ørsal

På boksleppet blir og nokre programinnslag – Ingri og Ragnhild vil vise lysbilder frå arkivet til historielaget.  – Gamle bilder er alltid populært, og engasjerer medlemane og hjelper til med å hente fram nye opplysningar om bilda som blir vist. Ellers har Ola Bræin vore forfattar av innslaget om «Anne Ørsal og songane hennar», og han kjem på besøk og har med seg munnspelet sitt. På boksleppet blir det sjølvsagt traktering –  kaffe og nystekte bakels og kanskje anna godt i tillegg?

Ola Bræin kjem, og han har med seg munnspellet sitt». Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Som sagt er det variet stoff i årets årsskrift, og det spenner frå historia om Nordvik Meieri til historielagets tur til Storlidalen i sommar og set sluttstrek med ein album dei har kalla «Minneboka». Elles får vi historia om Lovise og Bernt Jørgensens liv og virke, Erling Bruseth som utvandra til Amerika, ein artikkel om «Bumerka i Todalen», historievandringa på Kvennset i sommar, ein artikkel om kvennhusa i Todalen og historia om jordmora i Todalen – Gunnhild Øyen. Ein artikkel om alle hoppbakkane i Todalen har også fått plass, og i dag kan ein vel nesten ikkje tru at det i «storheitstida» for hopprenn har vore 30 hoppbakkar i Todalen. No er det knapt nokon hoppbakke som er i bruk lenger.

 

Først publisert: 12. november 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 19. november 2017, 19:42