Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp på Gammelfabrikken i år!

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. november 2018

I det nye årsskriftet som Todalen historielag skal presentere komande søndag er det mykje godt stoff.  Årsskriftet startar med ein artikkel om Leif Halse og hans liv og virke, både som «far» til Vangsgutane, som bygdebokforfattar, musikar, idrettsmann og ikkje minst kulturberar. Vidare er det ein artikkel om Dalavegen, om dei 5 søstrene i Andersstua der 4 vart jordmor. Det fortsett med mjølkerampar og mjølkekjøring, både med lastebil og med hest og vogn.  – Vi har kika litt i heftet og kan like godt konkludere med at det er litt for ein kvar smak.

Dordi Jorunn har skrive ein interessant artikkel om mjølkekjøringa til meieriet med hest og vogn. Kristoffer Nordvik har fortsett med mjølketransport med lastebil. ( Faksimile frå årsskriftet)

Interessant er også artikkelen om Hallvard Svinvik og notatboka hans, der han nærast har skreve dagbok frå tida før han starta arbeidet med arboretet. Dordi Jorunn og Sven Olav har gjort eit artig dypdykk i dette stoffet.  Artig er også det historiske materialet som Olav Kvendset etterlot seg om livet på Kvennsetørå, slik han hugsa det. Elles er vi innom Todalen skyttarlag og aktivitetane på skytebanen fram til midten av 1950-talet. I samband med dette blir det laga ei utstilling av gamle våpen under boksleppet på Gammelfabrikken.  Mellom anna blir det stilt ut 3 gamle børser som det er skote bjørn med!

Årsskriftet frå Todalen historielag er nummer 17 i rekkja, og byr på 84 sider med interessant lokalhistorie – ein kulturarv av beste slag.

Programmet for dagen startar med at Dordi Jorun Halle presenterer det nye årsskriftet og fortel om korleis det har vorte til.  Dordi er leiar for skriftstyret og har vore den som ført i pennen det meste av stoffet i det nye årsskriftet.  Etterpå vil skannarpatrulja (Ingri og Ragnhild) vise bildeglimt frå minnenes album. Dei har mange godbitar, og dei har kanskje behov for litt eksperthjelp til namnsetting blant anna.  Så bli det ein kaffepause, med kaffe og bakels, før det blir presentasjon av dravle. Vidare blir det korsong – P17 koret, som er ei vidareføring av Todalskoret og Åsskard kyrkjekor vil mellom anna synge Halse-tekstar, og dei vil også presentere seg med song som mannskor. Det er Bernt Bøe som er musikalsk leiar og dirigent for P17-koret. Per Reiten kjem også med eit bidrag, der han fortel og syng om Anders Nilsson, eller Anders Svensk som han vart kalla.  Historielaget byr altså på litt av kvart gjennom denne ettermiddagen!

 

Publisert: 15. november 2018, 01:10