Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp for «Under Skarfjellet 3»

Jon Olav Ørsal Måndag 25. november 2019

Torsdag 28. november kl.18.00 inviterer Stangvik Historielag til bokslepp i forsamlingshuset Myrvang. Her vil forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes presentere den tredje og siste boka i serien «Under Skarfjellet».

Under boksleppet vil forfattarane fortelje om bokprosjektet, og det blir vist smakebitar frå det rike utvalet av bilete i boka. Orkesteret «Invalidos», der dagsformen til dei enkelte musikarane visstnok er avgjerande for kor mange som stiller, sørger for trekkspelmusikk. Det blir i tillegg servering og høve til å kjøpe signerte bøker, melder Stangvik Historielag. 

Publisert: 25. november 2019, 22:02