Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bokkveld på torsdag

Bokkveld på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 18. oktober 2011

Torsdag kveld arrangerer biblioteket, skulen og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.

Her kan ein ellers bestille bøker frå hovudbiblioteket frå Skei, eller kjøpe utrangerte bøker seier Britt Mossing. Ho vil bistå bibliotekansvarleg Ole Petter Talgø denne kvelden med dei ulike aktivitetane.

Sjå heile plakaten her:  BOKKVELD PÅ BIBLIOTEKET

Publisert: 18. oktober 2011, 07:00