Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokkveld på Kulturhuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. september 2019

Surnadal Heimbygdlag melder at det er bokkveld på Kulturhuset torsdag 12. september kl. 19.00.  Her blir det nylansering av boka «Ei haustferd på Nordmøre. 1934» av Hans Hyldbakk.

 Hans Hyldbakk reiste i 1934 frå bygd til bygd på Nordmøre og skreiv om ferda si. Tekstene vart først presenterte i bladet «Heimveg» – lagsavisa til Nordmøre Ungdomslag. Boka «Ei haustferd på Nordmøre» vart først utgjeve i 1951. No kjem boka i ny utgåve som Surnadal Heimbygdlag står for. Sverre Hatle og Svein Sæter som har arbeidd mest med å tilrettelegge for nyutgjeving av boka som ikkje har vore til sals på mange år.

I tillegg til presentasjon av boka blir det også musikkinnslag, boksal, utlodding og kaffe.

Heimbygdlagets Måldiplom for 2018 vil bli delt ut på arrangementet.

Alle er velkomne!

 

Først publisert: 11. september 2019, 17:54 - Sist oppdatert: 12. september 2019, 08:57