Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bokbad på Stangvik Aldersheim

Bokbad på Stangvik Aldersheim

Borghild Talgø Fredag 20. april 2012

Her kjem ei helsing frå aldersheimen uti Stangvika:  Vi er så heldige at vi har ein god venn her som kjem på besøk. Svein Sæter hadde bokbad med bileteframsyning på stuå i føremiddag. Hovedtema var den nye boka av Hans Hyldbakk som Svein og Anita har gjeve ut på forlaget sitt, Blomsterhaug forlag. Dette er fakstisk ein roman som Hans skreiv for over 80 år sidan! Bebuarane hadde ein triveleg og interessant time og vi har no godt bakgrunnsstoff til å lese romanen «Brotne band». Vi gler oss.. Svein møtte Ester som vaks opp og budde attmed Stykkjet der som Hans vaks opp. Han budde der før han flytte oppå Kleiva. Ho kjende både mor og far hass og dei fekk seg ein god prat.

Takk Svein, for at du tek deg tid til oss og takk til Dorit for gode vannbakels. Lars spela så nyderleg til oss.

Publisert: 20. april 2012, 09:00