Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Boka om Jon Leirfall – forfattaren signerer

Boka om Jon Leirfall – forfattaren signerer

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. desember 2012
Måndag 17. desember vil forfattaren og historikaren, Kjell Håve, vere på Hals-bua for å signere boka han har skrive om bonden, stortingsrepresentanten og forfattaren, Jon Leirfall. Biografien, eller skal ein seie historieboka, «Heller storm enn stille», er boka kong  Harald siterte frå under slottsmiddagen for stortinget no i haust. Det blir og sagt at kongen har lese to bøker no i haust, det skal vere boka om Sonja og boka til Kjell Håve.
Ei signert bok bør vere den perfekte julegåva, ikkje berre til bønder og folk som soknar til Senterpartiet, men til alle med interesse for politikk, historie og samfunnsspørsmål. Ta deg ein tur på butikken i Todalen måndag og slå av ein prat med Kjell, det kan vere ei fin avveksling no i julestria!
Publisert: 15. desember 2012, 18:00