Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blomster over alle haugar i arboretet

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2019

Svinviks arboret opplever no om dagen at både blomstring og besøkstal er på topp. Den kalde perioden i mai gjorde at blomstringa bremsa opp litt, men når varmen kom denne veka så kom blomstringa for fullt.

Det er bra besøkt og travle tider i arboretet akkurat no, for denne tida er det mange grupper eller busslaster som kjem, og i tillegg er det mange vanlege besøkande, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg leiar i arboretet.

I det fine vêret var det ein fryd å gå rundt i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Denne dagen var det Sunndal Revmatikerforening som var på utflukt til Svinviks arboret. Dei brukar å ha ei årleg utflukt som ein dagstur, og dei trefte jaggu på med både blomstring og vêr – dette er kanskje den finaste sommardagen så langt i år, fortalte leiar Jorun Teilgård. Revmatikerforeninga hadde bestilt omvising i arboretet, og skulle etterpå dra videre til Surnadal på middag.

Jorun Teilgård i Sunndal revmatikerforening tok med seg medlemane på heildags tur i går – frå arboretet gikk turen vidare til HammerStuene på middag. Foto: Jon Olav Ørsal

Katharina hadde mykje å vise fram og mykje å fortelje om, både frå tida med grûndaren Hallvard Svinvik og om utviklinga gjennom åra og litt om planane dei har vidare. Mellom anna skal den store frukthagen restaurerast og førast attende slik den var. Det er kanskje rododendronsamlinga arboretet er mest kjent for 350-400 forskjellige sortar finns i arboretet og no står mange av dei i full flor og er ei flott skue.

Først publisert: 7. juni 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 6. juni 2019, 19:28