Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Blomster for lang og tru teneste

Blomster for lang og tru teneste

Håvard Halset Tysdag 24. januar 2012

For ei tid tilbake hadde Søya Todalen skytterlag sitt første styremøte for året. Møtet var halde på Hammerstuene og agendaen var å kome i gang for det nye styret. Andre saker var ein gjennomgang av økonomi og varelager. Det nye styret skulle og bli kjent med kvarandre, samt få litt informasjon og tips frå dei gamle.

Til slutt var det ein betre middag og blomster og fine ord til dei som slutta i styret. Det har vore heile 3 utskiftingar i styret i år. Inn kom Tove Talgø Brøndbo, Odd Magne Haugen og Trond Stenberg. Ut gjekk John Moe, Elin Margrete Røen og Martinus Nes. Dei har vore i styret i henholdsvis 8, 12 og 32 år!!

Publisert: 24. januar 2012, 21:12