Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med på vakthald på Laksefestivalen

Bli med på vakthald på Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mai 2013

Dei siste åra har Todalen I.L. og I.L. Søya hatt eit samarbeid med Norsk Laksefestival om vakthald under Laksefestivalsen, fortel ledar Karin Halle i TIL.  Slik blir det i år også, og dette gir klubbane ei god inntekt, som dei deler etter timetal mellom dei to klubbane. Dersom du har spesielle ønskje om kva kveld du helst vil ha slik vakttjeneste kan du ta kontakt med Karin Halle så vil ho prøve å ta hensyn til det.

Ho håpar at flest muleg kan bli med på vakthaldet, slik at ikkje nokon skal bli nødd til å gå vakt i to kveldar etter kvarander.  Norsk Laksefestival blir arrangert i Surnadal i perioden torsdag 20. juni til søndag 23. juni. Inntekta  frå Laksefestivalen er ei kjærkomen ekstrainntekt for idrettslaget. Her finn du meir informasjon om vakthaldet under Laksefestivalen.

Publisert: 27. mai 2013, 20:39