Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur til Trodalen – AVLYST

Tur til Trodalen – AVLYST

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. juni 2013

Ja da, du leste rett. Det skal være Trodalen med r og ikkje Todalen. Laurdag 8. juni arrangerer Todalen idrettslag fellestur til Trodalen, med start frå Matkroken L.Hals kl 11.00.  Det er nok mange som ikkje har vore dit, og som lurer  på kvar Trodalen er?  Vi kjører til Bæverfjord, og vidare mot Åsskard, til vi tek av til venstre ved skiltet «Flesa». Kjører vidare så langt vegen går, og parkerer ved Flessen Camping.  Følgjer vidare merka sti langs fjorden til Jutvika. Stien går derifrå oppover lia til Trodalen.

Garden vart fråflytta i 1952. Det er berre våningshuset som no står att. Frå garden er det fin utsikt mot Vågbø, nesøya, Stangvika og Surnadalsfjorden. Det vil bli orientering om garden og skiferindustrien som var nede ved fjorden.

På turen tilbake kan vi gå nedom Båtvika, som i si tid hadde både brennevinsutsal og gjestgiveri og var eit knutepunkt  for dei som for etter fjorden. Ta på gode sko, og ta med deg nistepakke og drikke til turen, turvêret ordner pent.no!  Vel møtt!

Det er mykje å sjå på turen til Trodalen!  Alle foto: Anita Oterholm

Først publisert: 4. juni 2013, 10:00 - Sist oppdatert: 9. juni 2013, 14:42