Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli  med  på  spennande  konferanse  om  bygemobilisering!

Bli med på spennande konferanse om bygemobilisering!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2010

GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25. september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september. Meir info finn du her i invitasjonen.

Ønskjer du å vere med på å skape utvikling på bygdene? Jobbar du med lokalt tiltaksarbeid eller bygdemobilisering? Eller er du aktiv frivillig som brukar tid på å skape trivsel og gode lokalsamfunn? Då er du velkomen til konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24.-25. september. Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som arrangerer konferansen i tett samarbeid med hoppid.no. Første dagen er nettverkssamling for bygdemobiliseringsprosjekt som har fått støtte frå småsamfunnsatsinga i hoppid.no, medan dag to er ein open konferanse for alle. På programmet står tema som tilrettelegging for friluftsliv, omdømmearbeid, og verknaden av kultur som samfunnsbyggar. Her blir det mange gode døme å ta med seg heim!

Først publisert: 7. september 2010, 11:10 - Sist oppdatert: 30. september 2010, 11:00