Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med og lær deg fluekasting…

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2016

Er du interessert i å fiske, men er litt usikker på korleis du kan kome i gang med fluefiske? Da har du ein ypperleg sjanse til å lære meir om dette no. No kan du bli med og lær deg å handtere fluestonga – både eihands og tohands!  Torsdag 21. juli blir det nemelg arrangert fluefiskarkurs med Arve Evensen som instruktør. Dette blir eit nybyrjarkurs som går ut på lære om utstyret, instruksjon i kasteteknikk og – blir avslutta med trening i elva.

Det blir start kl 10.00, med oppmøte på Bruset. Har du fluefiskarutstyr så tek du det med på kurset, men det vil også bli høve til å låne utstyr under kurset. Er du interessert kan du ta kontakt med Ola Bruset på telefon 915 95 894 for å få meir informasjon om kurset.  Som sagt er dette et nybyrjarkurs og du treng ikkje nokon spesielle forkunnskaper for å ta del i kurset.

Publisert: 17. juli 2016, 22:02