Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med og bygg «Kvit varde»

Bli med og bygg «Kvit varde»

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2010

Som ein del av programmet til Norsk Vandrefestival inngår bygging av ein kvit varde ved Tristeinan. På ein fin og oversiktleg haug, med utsikt lant utover «fysnin» skal det onsdag leggast ned grunnstein for ein ny varde. Det er eit kunstprosjekt som er kalla «Kvit varde», og er i regi av todalskunstnaren Toril Redalen. Toril har peika ut plassen i samråd med grunneigar Anita Talgø og med god hjelp frå Jon Bruset.

Varden skal byggast av kvite eller lyse steinar, og det er planlagt at vandrarar skal ta med ein stein for å bygge varden stein for stein. Toril vil følge prosjektet og ho trur av bygginga av varden kanskje vil ta fleire år før han kan seiast å vere ferdig.

Ho gjer spesielt merksam på at det ikkje er lov å ta med stein frå området som ligg innafor landskapsvernområdet. Det vil seie at ein ikkje kan ta med stein frå Bjøråskaret og ned mot Midtryggen, der vernegrensa går.

Onsdag 11. august skal grunnsteinen leggjast ned, og Toril håper at mange har høve til å bli med på turen opp til Tristeinan for å markere dette skikkeleg. Det er ein times marsj til staden, og du treng å ta på godt fotty på turen.

Tid: Onsdag 11. august 11:30 (Merk tida!)
Sted:
Oppmøte ved Innerdalsmerket, Todalen.
Informasjon: Fundamentet for kunstprosjektet KVIT VARDE skal byggast. Ta med egen egna kvit/ lys stein, eller finn ein stein på turen opp.

Du finn meir informasjon på heimesida til Norsk Vandrefestival

Publisert: 8. august 2010, 12:58