Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli  med  i  årets  17.mai-korps!

Bli med i årets 17.mai-korps!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. april 2013

Kan du tenkje deg 17. mai uten musikkorps?  Dei siste åra har eit lite, men entusiastisk korps spela marsjar i 17. mai-toget i Todalen. I år er det mange som nyttar langhelga til å reise bort, og korpset har per dags dato ikkje nok folk til å spela i toget! Vi håpar difor du som tidlegare korpsmedlem, eller som har spela i korps, stiller opp for å bli med og hjelpe oss?

Det viktigaste korpset manglar er trommeslagar, for utan skarptromme går det nemleg  ikkje an å marsjere! I tillegg trengs både treblås (klarinett og saksofon) og trompetar. Vi spelar 3-4 lette marsjar, så dette er overkommeleg sjølv for den som ikkje har spela på mange år. kan du tenke deg å bli med, så kan du ta kontakt med Frode Grønmyr på telefon 480 68 543 eller e-post:  frode.gronmyr@svorka.net .

Du treng ikkje bu i Todalen for å bli med! Skal du til Todalen for å feire nasjonaldagen, så er det berre å melde deg på som korpsmusiker!

Publisert: 26. april 2013, 22:00