Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli  med:  Gi  vegane  i  Todalen  namn!

Bli med: Gi vegane i Todalen namn!

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. november 2012

No skal alle vegane i Surnadal kommune få eigne namn. Det er Statens Kartverk som har pålagt kommunane at alle husstandar skal ha ei offentleg adresse, og dette arbeidet er no snart kome til endes og skal vera klart frå 1. januar 2013. Surnadal kommune vil ha med «dei innfødte» på dette arbeidet, og har derfor lagt opp til eit samarbeid med det lokale Plan- og tiltaksutval (PT-utvalet) i Todalen for dei namnlause vegane bygda. Til sist er det namneutvalet i kommunene som skal kome med ei tilråding for kommunestyret som gjer endeleg vedtak. No du altså sjansen, men fristen er kort!!!

Vi har her lagt ut eit eige skriv, Vegar i Todalen, der det er forklart kva vegar som ikkje har eige namn frå før. I tillegg har vi lagt ut kart, der bygda er delt i soner. I tekstdokumentet finn du 3 soner, som er Område Kårvatn, Midtre Todalen og Nedre Todalen &  Svinvik, med 4 tilhøyrande kart med same namn: kart Kårvatn, kart Midtre Todalen, kart Nedre Todalen og kart Svinvik.

I tillegg er det lagt ut kart der dei vegane som alt har fått namn er plassert inn. Dei to karta finn du her, eit for Øvre Todalen og eit for Nedre Todalen.

P/T utvalet ber bygdefolket diskutere forskjellige alternativ, og kome med forslag til namn på dei ymse vegane. Det skal skje skriftleg enten på papir eller som e-post til Rune Moe, e-post: rune.moe@talgo.no innan 7. desember 2012. Har du meiningar så er det berre å sette i gang, for fristen er kort.

Desse dokumenta er og lagt ut i Kaffekroken på Matkroken L. Hals. Der må det vera eit framifrå forum for å diskutere slikt!

Berre som eit tips til slutt: Det kan lønne seg å skrive ut dokumenta og karta som er av interesse, slik at det blir lettare å orientere seg!

Publisert: 27. november 2012, 21:02