Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bles nytt liv i julegrantradisjonen

Jon Olav Ørsal Fredag 12. desember 2014

I Bruset marka bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning. Fredag kveld kom julegrana på plass i Trudvangkrysset, og sjølvsagt var det festivitas og stas med lystenninga. Og med julegrantenninga høyrer det med litt festivitas med gløgg, clementiner og varme pølser, og sjølvsagt høyrer litt julemusikk med.

Julegrana_1357

Julegrana er godt forankra i lysstolpen i Trudvangkrysset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det hadde gått ut invitasjonar til alle bebuarane i Brusetmarka, og dei alle fleste hadde møtt opp for å få med seg «happeningen» – og det var heller ikkje fritt for gjestar frå omverda.  Torill og Steinar hadde rigga til ein base for serveringa i garasjen på Trudvang, og det var populært. Sjølv om det ikkje var meir enn 3-4 kuldegrader var det godt å varme seg på eit beger med varm gløgg.

Litt gang rundt juletreet var det også – Haakon Brøndbo (1) og bestemor Tove. Foto: Jon Olav Ørsal

Ingeborg Talgø fortalte at det fram til midten av 90-talet var fast tradisjon med julegrantenning i Brusetmarka, men da Elmer flytta til Rindal vart det slutt på dette. Men no er dei altså i gang igjen, – Kristen Bruset hadde sponsa juletre frå Bjørålia, og Erling Talgø sponsa juletrelys frå Hageland. No skal juletreet spre glede i Trudvangkrysset fram til nyttårsrakettane er komne i lufta.

Bildeglimt frå julegrantenninga i Brusetmarka.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 12. desember 2014, 22:49