Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Blåmåndag

Blåmåndag

Elinor Bolme Måndag 7. mars 2011

I helga har det vore fastelavn, ei feiring så mange kanskje ikkje held så hardt som før. Sler ein opp i wikipedia, får ein grundig forklart korleis dette heng saman:

Fastelavn kjem av det middelnedertyske ordet vastel-avent, og vart tidligere bruka om aftenen før fasta. Fasta vart innleia oskeonsdag som er onsdagen 6,5 uker før påskedag.

Seinere vart søndagen fleskesøndag eller no fastelavnssøndag, måndagen blåmåndag eller også fleskemåndag og tirsdagen kvitetirsdag eller fetetirsdag inkludert i fastelavn.

Fleire hedenske skikkar vart inkludert i fastelavnsfeiringen. Desse skikkane henspeglar på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart bruka som ein fruktbarheitsvekkjar. Det var dermed jorda framfor plogen, trær, dyr og familiens kvinner som fikk seg ein runde med riset.

No har Norske Kvinners Sanitetsforening teke patent på riset, noko som gjer dei eignerådande på sal av desse. I Todalen finn vi dei i sal på ICA Nær.

Neste år er fastelavn søndag 19. februar.

Først publisert: 7. mars 2011, 07:00 - Sist oppdatert: 6. mars 2011, 23:37