Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bjørnen på Kårvatn

Bjørnen på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Sundag 9. mai 2010

Søndag dukka det opp spor etter bjørnen på Kårvatn. Etter fara å dømme har han hatt tilhold der eit par dagar. Det er observert bjørnespor både i hyttefeltet og i nærheten av fjøset.  I løpet av natta har han vore ca 30 meter frå fjøset, der dei fann fesrske far etter han. Fjøset er fullt av Angus kjøttfe som skal ut på beite i Gammeldseterdalen om nokre veker, så snart det er barmark.

Erik Kårvatn fryktar ikkje bjørnen, for den er «over alle haugar» når det lir så langt, seier han. Men det er klart at en har dette i tankane når ein sender dyr ut på beite. For eit par år sidan kom 10-15 kyr heim frå beite i gammelseterdalen, og har heilt oppstyra og såg vettskremt ut. Så Erik ser ikkje bort fra anna at bjørnen har vore på traktene før.

Det er også funne spor i området rundt Fauskhjellen, så bjørnen har nok kika seg rundt dei dagane han har hatt tilhold i Todalen.

Publisert: 9. mai 2010, 18:00