Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bindalsbruket meldte oppbud måndag

Bindalsbruket meldte oppbud måndag

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2013

Talgø kaster korta på Bindalsbruket AS. Måndag ble det klart at styret i selskapet ikkje såg grunnlag for å drive vidare med dørproduksjon ved bindalsbedrifta, som produserer inner- og ytterdører. Det var i mai 2011 at Talgø Invest AS overtok aksjemajoriteten i Bindalsbruket frå Bindal kommune, og har sia lagt ned store ressursar for å redde bedrifta. Men måndag var det altså slutt.

Salget av dører har auka det siste året, men tross pris og marknadstilpassing har ikkje Bindalsbruket As klart å tene pengar. Det kan helle ikkje leggjast skjul på at selskapet har hatt store produksjonstekniske utfordringar spesielt i tida 2007 – 2010. Dette har gjort at selskapet har vore belasta med eit betydeleg garantiansvar dei siste åra.

I pressemelding blir det presisert at situasjonen ved Bindalsbruket AS ikkje vil påverke dei andre selskapa i Talgø-konsernet. Nedafor kan du lese pressemeldinga som vart sendt ut frå Bindalsbruket måndag.

Publisert: 22. april 2013, 23:00