Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltog med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen. I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit slags «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.

Tradisjonen med at fleire køyrte traktor hadde nok si forklaring i at antal bilar den gongen var svært begrensa . tett etter 2. verdskrig. Men gleda med «skrommeltog» var stor for borna, som hadde eit stort engasjement med pynting av bilar og traktorar med flagg og bjørkelauv.

Bror Sæther stilte med motorsykkel – ein strøken Suzuki Intruder LC foto: Jon Olav Ørsal

Men etter kvart som levestandarden har auka har nok både tal på bilar og bilstandarden auga i stor monn. I dagens biltog var det 59 bilar, som nok er rekord og ein bil meir enn i fjorårets biltog. Køyreruta var den gamle tradisjonelle frå Matkroken og oppover til Gammelfabrikken og retur til Bordholmen der eit gigantisk frokostbord venta.

Bildeglimt frå årets biltog – alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. mai 2019, 12:10 - Sist oppdatert: 18. mai 2019, 10:32