Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Billettane til julerevyen «Todalen Ymseri» er i salg

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. desember 2019

Billettane  til julerevyen 2019,  «Todalen Ymseri»,  er no lagt ut for sal på Matkroken Todalen. Vi tenkte å være tidleg ut med tanke på at det kanskje kan være ei høveleg julegåve til familie, eller vener og kjente, seier Knut Bergli i Todalen Idrettslag som er arrangør.  Billettane kostar kr 150 pr stk., og kan kjøpast i kassa på matkroken.  Julerevyen «Todalen Ymseri» går av stabelen 3. juledag, fredag 27. desember kl. 20.00 i Todalen ungdomshus.

Skrivegjengen er på det næraste komne i mål, og no er øvingane i ferd med å kome i gang for fullt, så det blir ein hektisk periode fram til jul for revygjengen. Det er imidlertid ikkje noko problem for dem, for dei har såpass med lopper i blodet når det nærmar seg jul at da likar dei å ha litt «action» rundt seg.  Løp og kjøp billetter – det er utruleg mange billettar som er lagt ut, men erfaringsvis så går dei fort unna, seier Knut Bergli til Todalen.no. 

 

 

 

Først publisert: 26. desember 2019, 07:00 - Sist oppdatert: 27. desember 2019, 13:55