Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bilete frå 17. mai

Bilete frå 17. mai

Ole Petter Talgø Torsdag 20. mai 2010

For store arrangement, feriar og høgtider, vil vi leggje ut ein sak i etterkant med bilete vi får inn. Send difor gjerne inn bilete frå sommarferie, Todalsdag og liknande. Her kjem bileta vi har fått inn etter feiringa av 17. mai.

Frå Birgitte Kvendset har vi fått eit bilete frå 17.mai-feiringa i Santa Rosa. Ho skriv; «Madelin (5) og Maya (8) poserer framfor huset til nabo Else (79, opprinneleg frå Oslo) som inviterte til 17. mai selskap i går.
Gratulerer med dagen frå Santa Rosa!»

Frå Mari B. Redalen har vi fått eit bilete med 17. mai-stemning frå Storhaugen.

Frå Kjetil Sogge har vi fått bilete frå toget som gjekk frå kyrkja til skulen.

Vi set stor pris på alle bilete som kjem inn, både for store anledninger og til bruk for dagens bilete. Du kan og sjå artiklane om biltoget med frokost og toget og aktivitetane på skulen for å sjå fleire bilete.

Publisert: 20. mai 2010, 15:46