Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bibliotekfilialen i faresona?

Bibliotekfilialen i faresona?

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mars 2012
Todalen filial av Surnadal folkebibliotek er no den einaste filialen som er att i Surnadal kommune. No står også den i fare, og skal vurderast til våren, fortel bibliotekar Karen Johanne Talgø. Ho tok filialbestyrarjobben for å halde drifta igang, men det er berre eit vikariat i ei vakant stilling. Ho likar å halde på med bøker og som tidlegare rektor i Todalen er ho nok godt kjent i biblioteket frå før. Bibliotekfilialen har lokale i Todalen oppvekstsenter, og det er eit kombinert folkebibliotek og skulebibliotek.

I opningtida som er kvar torsdag frå 18-20 er det mest vaksne kundar, da borna låner bøker i skuletida. Det er fleire kunda innom kvar kveld, men Karen Johanne kunne gjerne sett at det var fleire. Ho tykkjer at det er synd dersom todalingane mistar dette tilbodet, og tenkejer spesielt på dei eldre lånarane. Det er nok mange som ikkje har høve til å ta turen for å låne bøker på hovudbiblioteket, og det er mange som sett pris på at dette tilbodet finns, og utover våren har det vore ei auke i utlåna. Etterjulsvinteren og våren er tradisjonelt den beste tida for utlån av bøker. No er det nok mang som er ute for å sikre seg god påskelitteratur.

Publisert: 15. mars 2012, 22:00