Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biblioteket vil stenge for å ha meir ope

Steinar Hasselø Måndag 17. september 2018

Viktig å merke seg om du brukar biblioteket på Skei: no bør du fylle opp med bøker, for biblioteket vil bli stengt i fem veker frå 24. september. Surnadal folkebibliotek vil bli såkalla «meirope» når dei opnar igjen. Det vil seie at lånarane kan låse seg inn utanom den vanlege opningstida med lånekortet sitt og ein kode (med unnatak av om natta).

Biblioteket vil ha ein sjølvbetent automat som gjer at lånarane da kan levere og låne bøker sjølv. Men før det kan skje, må altså biblioteket merke absolutt alt dei har med såkalla RFID-kodar, samt montere sjølvbetent utlånsautomat, system for å låse seg inn, kamera m.m. Sjølv om biblioteket blir stengt, vil ein kunne hente reserverte bøker i resepsjonen nede. Innlevering av bøker i luka ved sida av inngangsdøra til biblioteket, og aviser og tidsskrift vil bli lagt ut som før.

Opningstida i veka før stenging (17.09-22.09) er måndag (stengt), tysdag kl. 11-18, onsdag kl. 11-16, torsdag kl. 11-18, fredag kl. 11-15 og laurdag kl. 11-14. Filialen i Todalen vil ha ope som vanleg utover hausten.

Publisert: 17. september 2018, 05:31