Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biblioteket – Opningstid for Todalen filial

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Karen Johanne ved bibliotekets filial i Todalen melder om avvik i opningstida nokre veker i vår. Førstkomande veke er biblioteket stengt måndag 3. april – i staden er det ope torsdag 6. april til vanleg tid – frå kl 18-20. Måndagane 10. og 17. april er det påskeferie og dermed stengt ved filialen i Todalen.

Vidare er det stengt måndag 1. mai, men derimot ope tysdag 2. mai i staden. Også da til vanleg tid 18-20.  Det var alle endringane for i vår, og da står det berre att å minne om at det er ope alle dei andre måndagskveldane fram til skuleferien – og opningstida er som vanleg mellom kl 18 – 20.

Hugs å låne påskekrimmen komande torsdagskveld som er siste opningsdag før påske, minner Karen Johanne på biblioteket!

Publisert: 2. april 2017, 08:33