Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

biblioteket med nye åpningstider

Steinar Hasselø Laurdag 26. januar 2019

Surnadal folkebibliotek har no vorte «meirope» og har samtidig fått krav om innsparing av lønsutgifter. Det går diforutover opningstidene. Frå 1. februar vil biblioteket vere opemellom kl. 11 og 16 på måndag til torsdag, og kl. 11 til kl. 15 på fredagar.

Sia biblioteket er «meirope», vil alle over 18 år, som har teikna avtale, ha tilgang til biblioteket mellom kl. 07 og 22 alle dagar (med unnatak for høgtider der kulturhuset er stengt). Føresette kan sjølvsagt ta med seg «sine» under 18 år når deisjølv skal dit.

Det står ein skranke på biblioteket der lånarane sjølv kan registrere eigne utlån på ein enkel måte.

Det som vil bli meir utfordrande er å få hjelp til m.a. å finne fram, spesielt i fagbøkene, samt bestille og reservere bøker. Men ein håpar å redusere desse problema noko ved at lånaranekan legge att meldingar om bestillingar m.m.

Det er så langt 130 lånarar som har teikna avtale om tilgang til«meirope bibliotek».  

Publisert: 26. januar 2019, 17:14