Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøkte brannstasjonen og lærte om brann

Britt Mossing Sundag 21. september 2014

Denne veka har barnehagen og 1. og 2.klassen lart om brann og sikkerheit. Det er viktig å kunne litt om det dersom situasjonen oppstår, og kva ein kan gjera. Dei eldste i barnehagen hadde bedd med 1. og 2. klassen på turen til Surnadal brannstasjon. Vi fekk omvisning av Jon Nordvik som viste fram brannbilane og redningsutstyret. Vi fekk sjå varmesøkande kamera,  brannbåt og tankbil. I tillegg viste han kor viktig det er å feste sikkerhetsbeltet på rett måte når ein skal køyre bil og buss.

Underteikna fekk og prøve å slokke ein liten brann med brannslokningsapparat og Jon viste korleis ein bruka brannteppe. Alle fekk utdelt brannhjelm, så no er det vel brannøving i mange heimar rundt omkring i bygda. Det er nok lurt å gjere, slik at alle veit kvar slukkeutstyrer er å finne.

Bilder frå besøket på brannstasjoene.  Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 21. september 2014, 17:00