Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim

Elinor Bolme Laurdag 16. mai 2020
Med utgangspunkt i Helsedirektoratet sine føringar av 6. mai 2020, er besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim som følgjer frå 13. mai i følge Surnadal kommune si heimeside

  • Besøk skal avtalast på førehand med avdelinga. Avdelingas kapasitet for å ivareta tilfredsstillande smittevern under besøket ligg til grunn for når besøket kan gjennomførast.
     
  • Besøkande må vere friske og ikkje ha vore i kontakt med Covid19-smitta personar eller nyleg vore på utanlandsreise (jf. 10 dagars karantenekrav).
     
  • Inngangsdørene er framleis stengde og det blir ført besøksprotokollar i avdelingane.
     
  • Besøkande må halde minimum 1 meter avstand.
     
  • Klemming, handhelsing og berøring må unngås.
     
  • God hand- og nysehygiene må praktiserast nøye, og handdesinfeksjon vil stå tilgjengeleg.
     
  • Besøk foregår fortrinnsvist utandørs, og bebuaren bør da ha vinden i ryggen.
     
  • Videokommunikasjon er framleis anbefalt som kommunikasjonsverkty mellom bebuar og pårørande.
     
  • Maks 2 på besøk samtidig, besøket skal vere nære pårørande.
     
  • Alle besøk begrensast til 30 minutt.
     
  • Faste besøksintervall kan vurderast.
     
  • Det tilbys ikkje servering til besøkande. Ta evt med kaffetermos til eige bruk.
     
  • Ved innebesøk må besøket foregå inne på rommet til bebuaren, og reglar som nevnt ovanfor må overholdast. Pleiarane skal bistå for å sikre at smittevernreglane følgjast.
     
  • Besøkande bør unngå å berøre kontaktflater på rommet så langt muleg, og unngå å bruke bebuarens/ sjukeheimen sine toalett.
     
  • Har du fleire du ønskjer å besøke på sjukeheimen så må besøka fordelast over fleire dagar og ein må gjere avtale om med kvar avdeling.
     
  • Dersom besøkande ønskjer å ha med leveransar til bebuaren så skal leveransen vere handtert av friske, reine hender. Evt emballasje skal vrengast og kastast i avfallsbøtte på rommet til bebuaren. Pleiarane reingjer/ desinfiserer leveransen.
     
  • Ved livets siste fase gjeld som tidlegare, at det vert tillete ytterlegare samvær etter avtale med avdelinga. Det er svært viktig i desse situasjonene at besøkande informerer om eventuelle luftvegssymptom mv., slik at pleiarane får tilrettelegge for nødvendig smittevernutstyr.

OBS! Dersom smittesituasjonen lokalt og nasjonale føringar endrar seg vil tiltaka kunne bli forsterka igjen.

Velkommen!

Mvh oss på sjukeheimen.

Publisert: 16. mai 2020, 08:48