Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøk til Gudmund med sauan…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. april 2017

Saulamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med rette.  Hos kårkall Gudmund Kvendset i Viastua blir eit trettitals sauer til nærare 100 dyr i løpet av ein månads tid. Eit yrande liv i smalastallen på denne tida, og som så mange andre på denne tida hadde Maja og Mali frå Rensvik invitert seg sjølve på lamming hos «Gudmund med sauan», og det var stas.

Spanande, og litt forsiktig i starten …… Foto: Jon Olav Ørsal

Lamminga er forlengst kome i gang, og når nok toppen i komande veke, men vil nok vare utover litt ut i mai før alle er ferdige.  No er det fritt for snø, og det er nok berre litt varme som skal til før dei sauene som lamma først får kome ut med lamma sine på dagtid. Og alt i slutten av mai blir dei sleppte til skogs, og da finn dei ganske fort vegen til fjells og til den gode fjellbeita.

Etter ein periode med store tap på beite i Todalsfjella, så er det ikkje så mange sauer att. Berre 3 besetningar har lamsauer i Todalen i år, og dei vurderer også situasjonen frå år til år. Det er ei stor belastning å miste store deler av besetninga til rovdyra, og det blir til stadig gjort observasjonar av både gaupe og jerv i bygda.

 

Ein liten matbit – dei to lamma vart fødd i løpet av natta, og vart nok litt oppkarra av både besøk og av blitzinga til fotografen. Foto. Jon Olav Ørsal

Ein godbit vart det også på kvigene – eit lite avbrekk i kvardagen… Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. april 2017, 09:45