Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Besøk  også  hos  Saniteten

Besøk også hos Saniteten

Elinor Bolme Onsdag 3. november 2010

I går kveld var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å få besøk av ambulansepersonell og brannvesen i anledning innkjøpet av hjartestartaren som er innkjøpt til Todalen. Arnt Ivar Brøndbo og Ingeborg Myrvang tok ein gjennomgang av korleis utstyret funger. Dette var ikkje eit kurs i opplæring og bruk av hjartestartaren, men ei orientering av korleis utstyret fungerer.

I tillegg vart det gjennomgått korleis, og ikkje minst kvifor gjennoplivning i form av enkel hjarte-/lungeredning er så viktig.

Her er det May Elisabeth Holten som gjennomfører gjennopplivning.

Etterpå fekk damene vere med ut å sjå på utstyret i ambulansen, der særleg navigasjonssystemet med innlagte gards- og bruksnummer på kvart einskild hus vart demonstrert.

Også Eldremiddagen har hatt denne gjennomgangen, den saka kan du lese om her.

Publisert: 3. november 2010, 23:19