Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berre ein liten forsmak på Elsa?

Jon Olav Ørsal Måndag 10. februar 2020

I dag har det vore stor flo, men det er nok berre ein forsmak på stormfloa som kjem i natt og i morgon ettermiddag, skal vi tru yr.no sitt ekstremvarsel som gjeld meir eller mindre heile kysten. I ekstremvarselet blir vi anbefalt å sikre verdiar i flomålet, da vannstanden kan bli opptil ein meter høgare enn normalt her ifølge varselet.

Klubbhuset på Bordholmen er på det næraste omflødd. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok ein liten runde for å sjå på tilstanden da floa var på topp i 12-tida i dag, og da var det på ingen måte noko rekord, sjølv om vannstanden var høg. Natt til tysdag er det venta at stormfloa er på det aller høgaste, og det skjer kl 0.22 (23-02) – tysdag formiddag er det og venta at stormfloa er på sitt høgste kl 12.32.

På Ansnessaga gikk floa i dag innover plassen Foto: Jon Olav Ørsal

Slik såg det ut på Todalsøra i dag da stormfloa var på sitt høgste. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. februar 2020, 16:37