Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berre ei veke att til skulestart

Elinor Bolme Måndag 11. august 2014

Neste måndag, den 18. august er det atter ein gong klart for ny skulestart i kommunen. Ved Todalen skule er det no vorte tilsett både ny rektorog ny lærar, og her er det tre nye førsteklassingar som spent skal møte opp til sin aller første skuledag saman med 17 andre. Einingsleiar Bjørn Einar Høivik, som har ansvaret for både Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sendt oss ei lita oppsummering ved dei to oppvekstsentra skuleåret 2014/15.

 

Todalen skule:      To-delt skule med 20 elevar;  1.-4. (13 elevar) og 5.-7. (7 elevar)

 

Nytilsette:   Rektor: Torill Gjeldnes

Lærar:  Anja Dalsegg Sæter  (inn for Laila B. Aune)

 

(Britt Mossing held fram som kontaktlærar for 1.-4.)

 

Todalen barnehage:   16 barn, 9 frå 4-5 år og 7 frå 1-3 år.

Nytt personal i Todalen barnehage:   Line Mari Svensli  i vikariat for Kristin Grønnes fram til ca ut januar.

 

 

Stangvik skule:      Tre-delt skule med 48 elevar.

SkoleStangvik

Nytilsette:    Lærar:  Laila B. Aune  (inn for Laila Sollid)

 

Stangvik barnehage:   36 barn, 20 store og 16  1- og 2-åringar.  Det ser ut til å bli over 40 ungar totalt i løpet av året.

 

Nytt personal i Stangvik barnehage:  Turid Grimstad, Jenny Anette Snekvik og Konny Helen Haltli.

 

For skulerute sjå hit på Surnadal kommune si heimeside

 

Publisert: 11. august 2014, 10:03