Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bergensbloggar

Bergensbloggar

Elinor Bolme Fredag 29. oktober 2010

Nytt blogginnlegg klart! Denne gongen frå Bergen, ein plass det regnar like mykje som her????

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?
Dame, 25 år (i år att! Er godt nøgd med at eg blir eit år yngre enn
Ingrid Elise neste år!) Eg bur der det regnar nett like mykje som i
Todalen, på den måten held eg heimlengselen i sjakk. Kommunen har fanga
meg og no slepp eg ikkje ut att, men sett pris på lange kaffepausar og
løysing av verdsproblem utanfor lunsjtid . Eg flytta fordi alle visste
kven eg var og ingen ville ansette meg sidan eg berre drakk kaffe og
løyste verdsproblem utanfor lunsjtid. Makan.

Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg?
Ein heilt vanleg dag står eg opp 05.30 og spring meg ein lang tur, jo
lengre jo betre. Så et eg ein karbohydratfri frokost. Egg på laurdagar.
Etter arbeid deltek eg på kurs i makrame. (Dette er berre løgn sidan
mitt vanlege liv høyrtes så tamt ut).

Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg igjen?
Altfor sjeldan! Neste gong eg snur nasen i retning Todalen vil være i
oktober for å være med i dåpen til mitt vidunderlige fadderbarn Synne!

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer på besøk til
bygda for første gang?

Far min! Han er ein artig gamal skrue som seier rare ting som vi flirar
godt av. Han er kanskje spesielt artig på sumaren, da går han ofte i
shorts og slippers med tjukklestar i. Det tykkjer besøkande er stas for
slikt har dei ikkje i byen.

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?
Har ikkje umiddelbare planar om det, men kven veit?:)
Hvordan holder dialekten din seg som utflytta Todaling? Kanskje du har et
eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?
Eg tykkjer sjølv at eg er ganske så god på å halde på dialekta mi!
Folk blir rett nok litt stille og svarar gjerne litt rart på det eg spør
om, men det bryr eg meg ikkje om. Dei er sikkert berre misunnelige.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?
Har ikkje vore her så mykje til no, men etter denne utfordringa har eg
fått åpna auga mine så frå no av blir det kvar dag!

Og til slutt…hvem utfordrer du som neste “utflytta todaling”?
Eg utfordrar ei flott kreativ dame, nemlig Guro Redalen!

Publisert: 29. oktober 2010, 18:00