Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beredskapstiltak på kommunehuset og for heimetenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2020

På Surnadal kommunes heimeside er det lagt ut ny og oppdatert informasjon i dag, måndag 16. mars. Det er informasjon om at kommunehuset er stengt frå måndag, og informasjon frå Heimetenesta i kommunen – om handtering av koronaberedskapen. Bla vidare for å lese om dette eller klikk på linken til kommunens heimeside med aktuell info

Kommunehuset er stengt for besøkande frå og med i dag, 16. mars
I tråd med førebyggande smitteverntiltak blir Surnadal kommunehus stengt for besøkande frå og med i dag, 16. mars og inntil vidare. Vi oppfordrar til å ta kontakt med oss via e-post og telefon. 

Heimetenesta og koronaberedskap: Melding om stenging og beredskap ved besøk
Frå og med måndag 16. mars vil både Dagsenter for eldre (v sjukeheimen) og Dagsenter for demente, Inn på Tunet, både med Solveig Haglund og Helga Bele vere stengt til ein får ny beskjed. Dette vil minst vare i 14 dagar.
Vidare oppfordrar vi til at ein kun tek heilt nødvendige besøk hos bebuarar på Omsorgsboligen.
Vi ønskjer også at alle pasientar og/eller pårørande sørgjer for at det er flytande såpe og papirhandkle til dei tilsette på Heimetenesta når dei kjem på besøk.
Vi ønskjer å gjere vårt til å hindre smittespreiing og opplyser om at vask av hendene er betre enn spriting ved for eksempel bruk av AntiBac. 
Alle desse tiltaka er for å beskytte våre eldre mest mogleg mot å bli smitta av korona-viruset.

Annett Ranes
Surnadal Kommune, einingsleiar, Heimetenesta
Tlf: 92 33 89 86 e-post: annett.ranes@surnadal.kommune.no

Publisert: 16. mars 2020, 11:47