Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bekmørkt i den frakkaste julegata….

Elinor Bolme Torsdag 14. desember 2017
Kven har teke den fjerde nissen?? Er det Frøken Bladfyk som har teke julefreden med ein smell?? Og er det sååå strevsamt å væra nissemann at lufta har gått ut to veker FØR julaftan? Spørsmåla er mange på Kvendsetgarden for tida etter at både nissar og den frakkaste julegatå i bøgd’n har teke kvelden og vorte beksvart. Handelsmannen gjer nok gode pengar på auka kaffesal i kaffekroken da det er litt av eit kaffekrokmysterium. Julebrøda frå i fjor er for lengst ete opp for å seie det slik…
 
 
Todalen IL sin nisse har vore på inspeksjon og lurar i på kva i all verda det er som har foregått dei siste dagane. Kan det ha ein samanheng med at ManU og Arsenal ikkje vann i helga? Eller er det rett og slett ei tjuvkopling som har vorte avslørt…
 

-Slappe nissa e d væsst e væt!! mumla TILnissen.

 
TILnissen oppfordrar derfor alle som er i stand til å komme seg til Ungdomshuset for eiga maskin 3. dag jul ( ja onsdag 27.desember) om å komme å hjelpe til så at mysteriet blir løyst. Revygruppa er nemleg godt i gang med årets julerevy som har fått det klingande namnet #ViÅ. Revygruppa lovar sedvanlige sleivspark i mange retninger også i år.  Nesten garantert til nissar som allereie ligg nede…
 
 
Kan fotografen forresten ha vore Overredaktøren?? Eller er  det fjesbokvarslaren??
Publisert: 14. desember 2017, 05:29