Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bekjemp svartelista artar

Elinor Bolme Torsdag 9. juli 2015

Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose. Desse tre planteartane står på Artsdatabankens svarteliste for karplanter og inngår i lista over artar som det fra 1. januar 2016 vil være forbudt å innføre, sette ut og omsette i Norge.

I den anledning oppfordrar Surnadal kommune sine innbyggjarar til å bidra med informasjon om desse artane, slik at vi får kartlagt utbreeinga lokalt i kommunen. Kartlegginga i 2015 vil bli utført av iTrollheimen ved Gøran Bolme og vil danne grunnlag for fjerning og avgrensing av forekomstar i regi av Surnadal kommune i åra framover.

Les heile orienteringa frå miljøvernrådgivar Bodil Gjeldnes i hos Surnadal Kommune: Framande skadelege planteartar i Surnadal

Kva kan du gjere?

– Grunneigarar og hageeigarar oppfordrast til å bekjempe artane. Dette må skje på rett måte for å hindre ytterlegare spreiing.

– Meld frå om større og mindre førekomstar av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose til: post@itrollheimen.no

rynkerose nerbilde

Rynkerosa er fin å sjå til og luktar utruleg godt. I Todalen finst ho blandt anna rett ved vernesona i båthamna/badeplassen.

parkslirekne

Parkslirekne

 

kjempespringfr

Kjempespringfrø

 

Publisert: 9. juli 2015, 10:58